Lekaquilt har ein flott giveaway på bloggen sin. Kikk innom henne.
7 timer siden
Quilt
Jammen har me flotte designere i Norge også. Desse nissane er henta frå Lise Bergene si bok "Julens Lappebok". Neste bilde er eit gratismønster frå Northern quilt som eg har sydd mange av og gitt i presanger.
Kjøpte eit julestoff med tekst på stoff og stil. Brukte blokkene frå Eva's adventsløper på sidene for å skjere minst mulig i desse stoffa.
Her er fire stoffkorger etter pink pinguin's mønster. Kjekke smågaver.
Eg var på jakt etter eit stichery som eg laga i fjor og som ikkje vart brukt, då dukka plutselig denne blokka opp. Eg hadde heilt gløymt at eg hadde sydd den. Ideen er henta frå Barbara på quilt-design og teikna i EQ 4 eller5. Med kanter rundt vart den ei fin pute.
Tre nye åttebladroser frå lappekjelleren er ferdige. Fargane er heilt herlige.
Del fem er no nesten ferdig. Eg har spart handsaumen til i kveld framfor fjernsynet. Tusen takk til Nina for flott mysterium. Det har vore kjekt å delta.
Siste stichery- blokka er ferdig og endeleg er teppet sett saman. Eg har ikkje bestemt meg for korleis kantane skal vera eller kva farge dei skal ha. Det er lagt på vent inntil vidare.
Del fire er ferdig sydd. Eg har ikkje sydd flying geese på denne måten før, så her lærte eg noko nytt som eg heilt klart kjem til å bruka seinare. Takk til Nina for flott innføring.
Hei, eg er litt seint i gang,men stoffa er funne fram, og stitcheryene er ferdige. Når eg kjem heim i morgon skal eg skjære ut kvadrata i dagens gåte og nye utfordringar for morgondagen.
Grendahuset vårt skal ha den årlige basaren for å få inn litt pengar til drift. I dag sydde eg tre klemmepunger som passer godt til årelotteri.
I går var eg og DH i 50-årsdag til ein kamerat. Måttefinne på noko til ein som har alt. Eg har hatt ein kurskveld med damene på AK quilt om å sy vinhus, men eg prøvde meg fram og her er resultatet. Me skal ha ein kurskveld i morgon, då håper eg å få ferdig mitt hus også.
Fire nye åttebladroser er ferdige. Spennande prosjekt.
Oppdaga at eg heilt hadde gløymt å leggja inn bilete av blokk 7 i Eventyrteppet. Det er prinsessen på erten av HC Andersen.
No er endelig block 6 i PDG endelig ferdig. Eg mangler berre to blokker til. Eg held på med duken til kjøkkensettet til AnnAKa som stod i siste quiltemagasinet, og har nett avslutta sticheryet til blokk 7 i eventyrteppet. Bilde følgjer så snart dei er heilt ferdige.
Onsdag kom pakken med mønster og stoff frå lappemakeriet. Eg har sydd ferdig dei to første og har stoff til ei til. Dette er eit kjekt prosjekt¨å sy på. Det kan takast med og er veldig sosialt.
Forrige helg var me på hyttetur og det regna i bøtter og spann. Eg hadde heldigvis tatt med meg denne brystduken til barnebarnet mitt. Ho skal konfirmerast til våren og skal få bunad hjå besteforeldra. Det dårlige veret gjorde at eg kom godt i gang og i løpet av veka har eg sydd ferdig broderiet. Det manglar montering men monteringsett er bestillt.