
F-1 Big Top er ferdig. Dear Jane går litt tregt for tiden, men eg prøver å lage ei blokk innimellom andre ting.
I've finised F-1. I'm going a little slow on DJ at the moment. My total is now 89 blocks and 1675 pieces.

Grendahuset vårt skal ha den årlige basaren for å få inn litt pengar til drift. I dag sydde eg tre klemmepunger som passer godt til årelotteri.
I går var eg og DH i 50-årsdag til ein kamerat. Måttefinne på noko til ein som har alt. Eg har hatt ein kurskveld med damene på AK quilt om å sy vinhus, men eg prøvde meg fram og her er resultatet. Me skal ha ein kurskveld i morgon, då håper eg å få ferdig mitt hus også.
Fire nye åttebladroser er ferdige. Spennande prosjekt.
Oppdaga at eg heilt hadde gløymt å leggja inn bilete av blokk 7 i Eventyrteppet. Det er prinsessen på erten av HC Andersen.
No er endelig block 6 i PDG endelig ferdig. Eg mangler berre to blokker til. Eg held på med duken til kjøkkensettet til AnnAKa som stod i siste quiltemagasinet, og har nett avslutta sticheryet til blokk 7 i eventyrteppet. Bilde følgjer så snart dei er heilt ferdige.
Onsdag kom pakken med mønster og stoff frå lappemakeriet. Eg har sydd ferdig dei to første og har stoff til ei til. Dette er eit kjekt prosjekt¨å sy på. Det kan takast med og er veldig sosialt.
Forrige helg var me på hyttetur og det regna i bøtter og spann. Eg hadde heldigvis tatt med meg denne brystduken til barnebarnet mitt. Ho skal konfirmerast til våren og skal få bunad hjå besteforeldra. Det dårlige veret gjorde at eg kom godt i gang og i løpet av veka har eg sydd ferdig broderiet. Det manglar montering men monteringsett er bestillt.
Blokk nr fem er ferdig sydd saman og nr seks er i arbeid. Eg må prøve å få litt fortgang i denne. Eg har nemlig bestillt åttebladrose frå Lappemakeriet. Eg gleder meg til den kjem, ingen stiching men handsaum.

Sjå kva som kom i posten i går. SBS har eg venta på lenge. Caprise har vore utsolgt. Kunne sikkert fått den frå utlandet, men likar best å handle i Norge. Her er mange fristelser, men eg må sy litt DJ også for ikkje å få for mange WISP eller UFOer.
Her er femte blokka i eventyrteppet ferdig. Den er frå eventyret om Askepott. Har også fått blokk nr seks som eg er godt i gang med.


Denne awarden fekk eg frå Gudveig i dag. Tusen takk til deg. Den skal sendast vidare til åtte bloggvenner og ønske dei ein god dag. Mine ønsker går til:
. Syinga kjem liksom litt bak i køen.