Spennande å sjå om han rekk opp til toppen uten å bli løfta av bestefar. Det gjekk heilt fint.He wondered if he could reach the top without beeing lifted by his grandfather. As you can see from his face he made it.
Spennande å sjå om han rekk opp til toppen uten å bli løfta av bestefar. Det gjekk heilt fint.
Fårerullane er no ferdig sydd, salta tørka og kokt. Smaken var nydelig.
Ei fin adventstid til alle bloggvenner. Blomsterbuketten som står på bordet fekk eg hjå DH forrige søndag i anledning 1-års jubileum for røykestopp.
Her er resultatet av dagens bakst. Kransekakestenger, finske pinner, krispies, serinakaker, regenter, grovbrød og vørterbrød. Bra jobba synes eg.



Jammen har me flotte designere i Norge også. Desse nissane er henta frå Lise Bergene si bok "Julens Lappebok". Neste bilde er eit gratismønster frå Northern quilt som eg har sydd mange av og gitt i presanger.
Kjøpte eit julestoff med tekst på stoff og stil. Brukte blokkene frå Eva's adventsløper på sidene for å skjere minst mulig i desse stoffa.
Her er fire stoffkorger etter pink pinguin's mønster. Kjekke smågaver.
Eg var på jakt etter eit stichery som eg laga i fjor og som ikkje vart brukt, då dukka plutselig denne blokka opp. Eg hadde heilt gløymt at eg hadde sydd den. Ideen er henta frå Barbara på quilt-design og teikna i EQ 4 eller5. Med kanter rundt vart den ei fin pute.
Tre nye åttebladroser frå lappekjelleren er ferdige. Fargane er heilt herlige.
Del fem er no nesten ferdig. Eg har spart handsaumen til i kveld framfor fjernsynet. Tusen takk til Nina for flott mysterium. Det har vore kjekt å delta.
Siste stichery- blokka er ferdig og endeleg er teppet sett saman. Eg har ikkje bestemt meg for korleis kantane skal vera eller kva farge dei skal ha. Det er lagt på vent inntil vidare.
Del fire er ferdig sydd. Eg har ikkje sydd flying geese på denne måten før, så her lærte eg noko nytt som eg heilt klart kjem til å bruka seinare. Takk til Nina for flott innføring.
Hei, eg er litt seint i gang,men stoffa er funne fram, og stitcheryene er ferdige. Når eg kjem heim i morgon skal eg skjære ut kvadrata i dagens gåte og nye utfordringar for morgondagen.