mandag 10. oktober 2011

Juleløper

Legg til bildetekst
Mønsteret til denne løperen fekk eg hos min kjære til jul i fjor. No var tida for å sy den. Januar er ikkje den tida eg syr mest juleting. Det er designa av Nancy Eriksen, eg har endra litt i forhold til mønster. Blogger og eg er ikkje venner for tida. I dag vart bilete opp ned. Håper eg finn ut av det. Ha ei fin veke. Klem.
This pattern was a Christmas gift from DH. I am not so keen on sewing Christmas in jJanuary, Better in October. I still have some trouble with  Blogger. It would not cooperate. Hugs

fredag 7. oktober 2011

Shadow- quilt


Her er skyggequilten min ferdig. Eg har quilta in the ditch og øvd meg på stippelquilting i midten av kvadrata. På baksida er det fleese. Har kun brukt stoff frå bali-lageret. Har nok nokre att enno. Får sjå kva det blir til.
This is my shadowquilt. I have used balis from my stash. The backing is fleese, it is so warm and comforting. I have quilted in the ditch, and in the center of the squares I have practised some free motion quilting. I have a long way to go before I get the hang of it. Have a nice week-end.

onsdag 5. oktober 2011

Sy-dag



I dag har det regna i bøtter, altså ein flott dag for sying. Dette sticheryet sydde eg for ei stund sidan og så vart det liggjande. I dag har eg fått gjort det ferdig. Tenkte først jul når eg broderte, men kom til at eg ville lage den heilårs.
I made these sticheries when I was laying with my foot high. Now the time to finish. The rain has been pooring down today, but it made this a sewing day. The first one is to put on to the dough when you are making buns. The other one is that I won from May Britt, it has become a litle wall henging. The third thing I have been finishing today is a shadow quilt. The top has been finished for ages, now it is only the handsewing on the binding left. Photo will come as soon as it is finished. 
Her er sticheryet eg vann hos May Britt. Det har no blitt eit lite veggoppheng.Brukte ein brodersøm til quilting. Ellers har eg quilta og fått lukkekant på eit slumreteppe som har lagt lenge på vent. Bilede kjem så snart eg har sydd ned lukkekanten for hand.
Prøvde å fordele teksten, men blogger vill ikkje samarbeide i dag.



onsdag 28. september 2011

Siste September OPAM

Her er dei siste Opam for september. Eg har prøvd meg på strikking etter gamalt. Det gjekk bra dersom eg begrensa det til små porsjoner. Lun og god hals.
Last OPAM for September, I have knitted this neckwarmer. I have not been knitting for many years because of my bad shoulders. It was ok if I only knitted for small intervalls.
 To strikkevesker etter mønster frå Quiltehuset. Det er tre bunter med tråd i kvar pose. Dei skal loddes ut på ein basar fredag med tråd.
 This is two boxes for carryingf your knitting-equipment. The last finish is a kitchen-towel. I had some motif-fabric I put on as an decoration.
Eg hadde nokre motivstoff liggjande. Her har eg brukt eit til å pynte opp eit kjøkkenhankle.

torsdag 15. september 2011

Veske og pose

Her er resultatet av sticheryet for eit par innlegg sidan. Eg kom plutselig på at eg hadde nokre ferdige hankar liggjande. Det måtte bli ei veske.
The stichery a few posts ago ended up as a child bag. I remembered I bought some handles ages ago that I did not use in any project and here they are.

Rosa på denne posen vann eg i ein giveaway på Bentes quiltehage for ei stund sidan. Mønsteret til posen er etter ide fra May Britt Abyquilt.

The picture of the rose used in this bag is from a giveaway at Bentes quiltehage some time ago. The pattern for the bag is from a tutorial at Abyquilt.
A nice weekend for all of you. Hugs Jofrid



torsdag 8. september 2011

Hurra!!!

Endelig er toppen på Down in the garden ferdig. Måtte kjøpe stoff til ramma, men resten er frå lager. Er ikkje heilt bestemt om eg skal quilte sjølv eller sende det vekk.

Finally the top on Down in the garden finished. I had to buy the blue border fabric, but the rest is from stach. I am pretty happy with the result.


tirsdag 6. september 2011

To ferdige og to på tenk!

Britt Lisas blomsterkurver av AnnaKa. Den var kjekk å sy, men alle hurtigtrekantane gjorde at det blei mykje svinn. Er fornøyd med resultatet.
Again another design by the Norvegian designer AnnAKa . Fun to make, but I felt it was a lot of fabric waste.

I signed up for the pattern club at Lynette Andersen. This was the sign in present. It is tiny. Only 3,5'x2'. I added the missing letters from the Norwegian alphabet.

Eg har meldt meg på Lynette Andersen's mønsterklubb. Dette mønsteret var innmeldingsgave. Pungen er liten, berre 3,5'x2'. Eg sydde glidelåsen i for hand.


Forrige veke kom dette koselige mønsteret som ei gave frå Solveig. Eg fall pladask og her er det ferdig sticha. Veit ikkje heilt kva det skal bli enda. Det same gjeld sticheryet frå May Britt som og er ferdig sticha.
Last week this lovely stichery came as a gift from Solveig with the lovely blog http://kadusei-kadusei.no . I could not resist so I've made the stichery. Don't yet know what to do with this or the one I won from May Britt. I'll sure find something.




søndag 28. august 2011

40-årsdag og gevinst.

Forrige fredag var eg på kontroll og legen gav meg lov å begynne å belaste foten og trene. I fag er min sønn 40 år. det vart feira i går og gava var dette teppet som eg klarte å få ferdig på ei veke med god hjelp frå min mann. Dei store felta er quilta i ruter og dei mindre rektangela brukte eg ein asjett og ein middagstallerk på og lagde halvmåner. Gaven vart overlevert i går og vart godt motteke. Mønsteret er eit AnnAKa design.


Last week I went to the hospital for a controll of my foot. It was well enough to be used and trained. Today DS is 40 years old, and I started a week ago on this Quilt. I was so happy I managed to finish it this week with a little help from DH. He did a great job on the backing. The big ractangels are quilted in squares. On the small rectangels I used a big and a small plate to make bows. He liked it a lot. The tekst is Holy is the silent hour Then the soul is woorking.



Torsdag kom det pakke i posten til meg frå May Britt med bloggen http://abyquilt.blogspot.com/ Eg var så heldig å vinne ein tippekonkurranse i forbindelse med 5-års jubileum.
Thursday I recived a parsel by mail. I was lucky to win a competition at May Britts blog And look what was inside. I have already started on the stichery.



Sjå kva som var oppi. Ei flott toalettveske med stichery, brodertråd nåler og eit mønster oppi. Eg er jammen heldig. Eg har allerede starta på sticheryet. Måtte ha noko litt lett etter det store teppet. Ei fin veke til alle som er innom her.










onsdag 17. august 2011

Litt ferdig og siste blokk DitG

Endelig er det noko som er ferdig. Tre sett med grytelapper som eg fann oppskrift på nettet til. Syntes dei var koselige og enkle å sy. Kjekt å ha om ein har bruk for ein liten presang.
Finally some finishes. Three sets of potholders. I found the pattern on Loft Creations. The resipee was good and easy to follow, thanks to Stephanie.

Eg har også fått gjort ferdig teppet A little patchwork village av Rosalie Quinlan. Har brukt heilt andre fargar enn i originalen.
Another finish is Little patchwork village by Rosalie Quinlan. My colours are quite different from the pattern.

Her er endelig siste blokka frå Down in the garden ferdig. Som de kan sjå er blokkene sydd saman og. Eg har ikkje kjøpt stoff i det heile til dette prosjektet, berre brukt frå lager. Problemet no er at det eg hadde tenkt som kant har eg for lite att av så no er eg i tenkeboksen. Fortsettelse når eg kjem ut.
Finally the last block from Down in the garden. As you can seeit is connected to the other eight. I have not bought fabrics at all for this project, just used from stach. Problem now is that i do not have enough of the one I thought I would on the borders. I have to do some thinking before i finish. News will follow as soon as I am done with thinking.



søndag 7. august 2011

To nye blokker.

Her er blokk 7 og 8 ferdige. Den siste er i arbeid. Får prøve å sjå det positive med å sitja med foten høgt og ikkje koma seg nokon plasser uten fylgje. Det er enno 14 dagar att før eg kan byrja å belaste foten, så det er håp om å få gjort ferdig siste blokka og. Ha ei fin veke.

Block seven and eight from Down in the garden are finished. I am not allowed to step on my broken foot for another fourth-night so maybe it is hope that the last one will get finished. Have a nice week everyone.


fredag 29. juli 2011

Småting og stiching

Down in the garden blokk 6 er ferdig. Berre tre att.
Block six from down in the garden is finished. Only three to go.

Har brukt symaskina litt i det siste. Resultatet er ein pung med kortmappe og ei muse-kortmappe.
I have finished two cardholders and one purse the last days. Easy sewing.

Ha ei flott helg alle sammen og ein klem til alle.

A nice weekend and a big hug for all my readers.




torsdag 21. juli 2011

Giveaway hos Britt



Sjå denne flotte giveawayen hos http://britthelen.blogspot.com/. Ta ein tur innom og meld deg på.



fredag 15. juli 2011

Litt framgang og litt nytt

Det går litt på fram no så i går tok DH inn symaskin og skjæreutstyr. Kan ikkje sitja lenge, men med venstre fot på pedalen gjekk det greitt. Kva trur de skjedde når eg kom til enden av sømmen, jau eg løfta opp høgre fot og maskina gjekk fortsatt på fram. Slik er det med gammal vane.
DH brought my sewing machine into the livingroom yeasterday. I manage to sit for a little while at time, but not so long. I was using my left foot on the pedal, I am not allowed to use the right. Guess what happened, when I got at the end of the seem I lifted my right foot and the machine did not stop. Old habits are funny. I have also finished the fifth block from "Down in the garden" I have changed the tekst to an old Norwegian folksong. It is about binding flowers and singing and dansing would make you feel young and fresh like a flower. The last stichery is the fourth block from Happy christmas BOM from AnnAKa.


Fekk endelig ferdig femte blokka frå Down in the garden. Denne har det gått virkelig tregt med å få ferdig. Eg valgte å ha den norske folkevisa Bind deg ein blomekrans. Syntes den passa bra til motivet. Har og fått ferdig fjerde blokka i Glædelig jul fra AnnAKa. Venter på resten. Får prøve å gjere noko positivt ut av uhellet.




Ei flott helg til alle.


A lovely weekend to you all. Hugs:)




mandag 11. juli 2011

Stiching

Denne veka har eg sete med foten høgt og trent litt. Det har vore lite data pga liten plass til heving av fot. Eg har fått sydd dei tre første blokkene til Little patchwork village, wall quilt by Rosalie Quinlan. Seks blokker igjen. Håper å kunne sitje litt med maskina om ei veke eller to.
This week while sitting with my foot up in the air I have done some stiching. These little sticheries is the middle of a star. Six more to go.

This is the three first stichery in a BOM by the Norwegian designer AnnAKa. I love her drawings. The fourth is in woork and will hopefully be finiched by tomorrow. The injury does not hurt so much as the first one and a half week. I am feeling a little bit better now. Hopefully the pain will give me moore rest if I am patient. Have a nice week.

Dei tre første blokkene i AnnAKa sin nye julebom er ferdige. Nummer fire er kanskje ferdig i morgon. Eg liker veldig godt sticheria hennes. Ellers går det sakte på fram, og smertene letter i perioder. Ha ei fin veke:)



søndag 3. juli 2011

Et uhell.

Hei. Ville berre informere om kvifor det har vore heilt stille ei stund. Sankt Hansafta reiste me på hytta og skulle vera til sdøndag. Søndagen kom med nydelig vær og vi fann ut at ein fjelltur ville me ha før heimreisa. Me kom til toppen og hadde så vidt starta på returen når eg sklei. Stille og rolig og plutseli var foten bak fram. Den var knekt tvers av. Legehelikopter henta meg og fekk meg trygt til Haukeland sykehus. Kom heim i dag etter ei veke med beskjed om at foten skal vere høgt og ikkje belastast på 6-8 veker. Her ser det ut som det kan bli tid til litt handsaum når smertene gjer seg litt. Oppdatering på sying kjem etter kvart.
Just to inform you readers that have been missing me. Last Sunday I went hiking in the mountains around our cabin. Unluckily I fell and broke my leg. I was taken to the hospital by helikopter. The bone from my knee to my ancle is filled with an iron shrew and I am not allowed to step on my foot for 6-8 weeks. I think this will be some sewing time when the pain is giving me some relaxation. Have a nice week everyone. Hugs